Tenk at det har gått fem år sidan vesle Fikslein blei fødd. Han måtte feirast med ein skikkeleg fest! Skulle vi våge å invitere til utebursdag i lunefulle mars?

Ja visst, og det blei ein suksess! Norske ungar er då vikingar! Vi sette opp ein lavvo og spidda pølser, mais og s’mores på bål i nyinnkjøpt fyrfat/bålpanne frå Felleskjøpet.

Etterpå hadde vi kaker og sånn, som seg hør og bør. Bålkake:


Kaka er av torokvalitet, men pimpa til det uigjenkjennelege. Brune m&ms og nonstop er ved, og gule, raude og oransje er glør. Flammane er laga av kamferdrops og bringebærdrops som er smelta i omnen på 200 grader i fem minutt for deretter å gjenoppstå som logande eld.

Appelsinbåtar av gelé har eg laga før, og det er alltid ein supersuksess. Denne gongen brukte eg fire appelsiner, ein pakke appelsingelé og ein pakke sitrongelé. Eg hadde i all safta frå appelsinene, og det gjorde geleen veldig frisk. Alt forsvann på eit blunk. Det gjorde også bjørnebæsjen:

Det var ikkje før ein vaksen las skiltet at bjørnebæsjen fekk bein å gå på. – Bjørnebæsj? Æsj! Og så var alt vekk i dei glupske gapa.
Oppskrifta? Superenkel og supergod: Smelt sjokolade og rør i cornflakes. Ha i minimuffinsformer og la stivne. Eg har pynta med litt kakepynt.
Dei fine skilta er lånt frå Hallmark (free printable signs courtesy of Hallmark Thank you for providing blank printables!) Og så pynta eg litt med kongler og greiner og marshmellows:

Vi har mykje naturtomt, og ungane var overalt – i trea, på dissestativet, ved bålet, i lavvoen og i akebakken. Og litt natursti vart det tid til. Målet var å finne godteposane, som for høvet var fine ugler:


Uglegodteposane er laga av dorullar og innpakningspapir frå Panduro. Uglene er inspirert av det koselege programmet Hygge i Strömsö, og har fått søte uglefjes (free printables courtesy of My owl barn).
For å få tak i skattekartet måtte bursdagsgjestene finne ting i naturen (sjå bilete under). Eg hadde lagt kartet i eit skrin med kodelås, og for kvar ting ungane fann, fekk dei eit nytt tal til låsen. Når alt var på plass, kunne vi opne skrinet. Derifrå gjekk det unna:


Invitasjonen laga eg enkelt i PowerPoint med teikningar freidig lånt frå nettet. Takk til alle som deler bilete og inspirasjon!

Naturstien:

Bileta er lånt frå CBC . Thank you!
Og alle var samde om at det hadde vore ein fin bursdag!
–Snella–