Nøstefamilien skal realisere hyttedraumen. Tomta er kjøpt og hytteteikningane mangler berre den siste finpussen. Iløpet av hausten 2012 satser vi på at hytta står ferdig og klar til innflytting. I mellomtida er det mykje å tenke på, planlegge, drøyme om, strikke og sy. Straks papira på tomta var signert, var Nøstet ôg igang med strikkinga. Idèane kjem flygande og det er berre å sette igang mens kreativiteten og engasjementet blomstrar.
Det første ein startar med når ein planlegg hytte er sjølvsagt fargeval og interiør! Sidan lilla er ein favorittfarge blir det lilla og grønt til stova. Det første pleddet er Eskimopledd fra Garnstudio.
Det andre pleddet er også frå Garnstudio. Garnet Delight var eit nytt bekjentskap. Uvand struktur i garnet, men lett å hekle med. Flotte fargeskift som blei ramma inn med svart Fabel. I mønsteret er det 7 x 11 ruter.Sidan eg liker store pledd blei mitt 8 x 13 ruter. Utgangspunktet er i originalfarger, og så er det lagt til eit par nøster av den med mest lilla i.
Det tredje pleddet er frå «Strikk – en reise til indre ro», frå Du Store Alpakka. Strikka i originalgarn med ein tråd Faerytale og ein tråd Tynn Alpakka, men med lysare farger enn i boka. Nok ein gong har eg laga teppet større. Det vil seie at det er lagt til ein mønsterrapport i bredda. Dette blei eit fantastisk flott pledd.
Så om sommarkveldane skulle bli kjølege eller det stormar rundt hytta skal vi halde oss gode og varme.
– Nøstet –
[…] har vist over 10 grader. Helgene blir tilbragt på hytta, gjerne ute i ein stol med eit deilig hekla eller strikka pledd over beina og strikketøyet i hendene. Solstrålane gjer at eg lengtar endå meir til sommaren, til […]