Når ein tøff liten gudson fyller eitt år på seinhausten, må han få ei riktig fin gåve som kan varme han gjennom vinteren. Eg har sett så mange fine ugleplagg på nettet, mellom anna uglevesten til Blomsterpiken og uglegensaren på Mekkehjørnet.
Til mitt prosjekt valte eg mjuke og kløfrie Merino Extra Fine i mørkeblått. Det fine uglemønsteret er henta frå Ravelry og kan lastast ned gratis.
Eg la opp det eg meinte var eit passande tal på masker og strikka lystig i veg. Felte til armhol og til v-hals og vart veldig godt nøgd med resultatet. Så kom den vesle gudsonen på besøk, og i det same eg fekk lillevennen på fanget, merka eg at den ferdige vesten ikkje er til ein eittåring, men heller til eit nurk på 2–3 månader.
Heldigvis hadde eg kjøpt nok garn, så det var berre å starte på ny frisk, og denne gongen litt meir vitskapleg. Eg brukte denne vesten frå Garnstudio til å finne rett storleik og masketal til Merino Extra Fine.
Om du vil lage min versjon av uglevesten, gjer du slik:
Legg opp 120 masker (storleik 12–18) på rundpinne 4. (Eg er motstandar av å måtte strikke fram og tilbake når det ikkje er nødvendig.)
Strikk 3 cm brot (vrangbord) med to rette og to vrange.
Strikk så glattstrikk til arbeidet måler 11 cm.
Sett ein merketråd i kvar side av vesten.
Tips: Merketråd. Eg brukar å lage ei laus trådløkke i ein kontrastfarge og sette innpå
pinnen slik at merket kan følge med heile vegen. ————————————->
Strikk uglemønster på framsida og glattstrikk på baksida. Begynn og avslutt kvar omgang på framsida med 13 masker rettstrikk.
Tre ugler:
1. omg.: 2 vr *8 r, 3 vr* 2 gongar, 8 r, 2 vr,
2. omg.: gjenta 1. omg
3. omg.: 2 vr *F4F, F4B (sjå fletteforklaringa under), 3 vr* 2 gongar, F4F, F4B, 2 vr
4.–10. omg.: gjenta 1. Omg
11. omg.: gjenta 3. omg.
12. omg: gjenta 1. omg
13. omg: 2 vr *1 r, 2 vr, 2 r, 2 vr, 1 r, 3 vr* 2 gongar, 1 r, 2 vr, 2 r, 2 vr, 1 r 2 vr
14. omg.: gjenta 13. omg.
15.–16. omg.: gjenta 1. omg.
17. omg.: gjenta 3. omg.
18. omg.: gjenta 1. omg.
Fletteforklaring:
F4F: Sett 2 m på hjelpepinne bak arbeidet, 2 r, 2 r frå hjelpepinnen.
F4B: Sett 2 m på hjelpepinne framfor arbeidet, 2 r, 2 r frå hjelpepinnen.
Tips: For å sleppe å strikke eller hekle kantar seinare strikka eg rettstrikk (riller) rundt armopningane og i halsfellinga. Med litt godvilje ser det ut som vrangbord.
Gjer klar til å felle til armhol:
1. omg: Strikk rett, men strikk 6 vr før og etter merketrådane (til saman 12 vrangmasker).
2. omg: Strikk rett
3. omg: Gjenta 1. omg.
Sett dei 60 maskene til bakstykket på ein tråd.
Framstykket: Strikk rettstrikk over dei 4 ytterste m i kvar side, elles glattstrikk. Fell 2 m innanfor rettstrikkmaskene på kvar side 2 ggr. Fortsett med å felle 1 m i kvar side på annankvar pinne 6 ggr. Samtidig: Når framstykket måler 2 cm frå toppen av uglemønsteret, gjer du klar til å felle til v-hals slik: Strikk rettstrikk over dei midterste 8 m i 4 omg. Del så arbeidet og strikk høgre og venstre side kvar for seg. Strikk rettstrikk over dei 4 ytterste m i kvar side, elles glattstrikk og fell 1 m innanfor rettstrikkmaskene mot halsopninga på annankvar pinne 8 ggr = 15 m att på pinnen. Strikk til arbeidet måler 30 cm.
Bakstykket: Strikk rettstrikk over dei 4 ytterste m i kvar side, elles glattstrikk. Fell 1 m innanfor rettstrikkmaskene på kvar side på annakvar pinne 10 ggr = 40 m att. Strikk til arbeidet måler 28 cm. Strikk så glattstrikk over dei midterste 10 m i 4 omg og fell av dei midterste 10 maskene. Strikk vidare på over dei 15 m på kvar side til arbeidet måler 30 cm.
Vev saman fram- og bakstykket. (Lenka går til dei gode strikkehjelpfilmane til Pickles.)
Så er det berre å feste trådar og eventuelt pynte uglene. Eg har brukt restegarn i ulike fargar og framheva éi av dei tre uglene, som får kose seg på ei grein med frukt (slik som på originalmønsteret frå Ravelry).
Og den første vesten? Med den skal eg ønske ein liten januarpjokk velkommen til verda.
– Snella –
[…] til Strikkeveninna og hekla ugleteppe til Fikslein. Dei supersøte snøuglene Hedvig og Hugo og uglevestane har òg vore veldig populære. Denne ugla blei gåve til Strikkeveninna, og derfor fekk den grøne […]
[…] ugler, ugler. Eg blir visst aldri lei! Ei gåve til den alle beste veninna måtte derfor bli ei heilt […]
[…] Ei enkel og fin gåve til nyfødte babyar er vestar. Når dei skal ligge på golvet og leike er det godt med noko som varmar ekstra rundt brystet, men som ikkje er i vegen for ivrige armar. Tidligare har eg strikka både Viggo frå garnstudio og Viggo frå Lene Holme Samsøe, vest frå Nøstebarn, enda ein vest frå garnstudio, haustvest frå Pickles og Snella har strikka uglevest. […]
[…] å prøve fleire. Tidlegare har eg blant anna strikka Viggo og singlet frå Lene Holme Samsøe. Uglevest er òg populært. Til jul strikka eg Nøstebarnvest til Snella sin […]
[…] hjarteknusaren kan du henge med på trenden og strikke ein kjempestilig uglevest. Bestem sjølv kor mange ugler det skal vere og korleis du […]
[…] det mest populære dyret i handarbeidsverda for tida? Det finst jo så mange lekre mønster, og uglevestane eg strikka i fjor, er vårt mest populære innlegg nokon […]