Island er kjent for å lage gode islandske ord i staden for å låne frå andre språk. Det ligg sjølvsagt ein medviten politikk bak dette, men eg har inntrykk av at det også er ein språkideologi som har generell oppslutning blant folk.
Eit døme er ordleddet –stjóri, som tyder ʻ-styrar’. Det finn vi til dømes i bílstjóri (sjåfør) og leikstjóri (teaterregissør). Heilt logiske, ikkje sant?
Sjølv eg er glad i vakre kjolar og fall pladask for ordet «samkvæmiskjolar» Samkvemskjolar! Eg har forresten lært at æ blir uttala /ai/ på islandsk, og at ó er ein diftong, så det heiter noko slikt som /samkvaimiskjåolar/.
Eg fall sjølvsagt også for innhaldet i butikken. Aua lommeboka, men eg er klar for selskap når som helst!
Eit anna fint ord er Bílahús:
Soleklart og intuitivt forståeleg!
– Snella –
Legg att eit svar