Eg er glad i språk, helst godt språk. Eg likar både engelsk og norsk, og eg blir glad når eg høyrer gode norske ord for engelske lånord.
Det hender at vi klarer vi å finne verkeleg gode, norske ord som slår igjennom og går inn i daglegspråket. Døme på det er nakkesleng (for whiplash) og minnepinne (for memory stick) – eller hugsekjepp, som nokon seier med glimt i auget.
Halloween
Ordet «halloween» har vi lånt frå engelsk. Det engelske ordet er ei samandraging av «All Hallow Even». Den kvelden svarer til norsk «helgemessaftan» eller «allehelgensaftan»,
31. oktober. Høgtida var opphavleg til minne om heilagmenn og martyrar, og mange brukar denne tida til å minnast kjære som er gått bort.
Den halloweenfeiringa som har fått fotfeste også her hos oss, har opphav i gamle ritar som ikkje har med kyrkjelege tradisjonar å gjere. Derfor kan det kanskje passe å skille mellom halloween og allehelgensaftan/helgemessaftan på norsk.
Eit alternativ eg har høyrd, er «graskarafttan eller «graskarkveld» (Graskar må sjølvsagt ikkje forvekslast med «grasenkemann», eller kanskje det passar? Tji-hi.)
Godteskrømt
Tradisjonelt går vi julebukk eller nyttårsbukk her i landet, men «graskarbukk» om dei skumle som rek i gatene denne kvelden, kling rart i øyra mine. Så høyrde eg nokon seie at dei skulle «gå godteskrømt». Det er jo glitrande!
Trick or treat
Her finst det mange norske variantar: «godteri eller fanteri», «trolleri eller godteri», «snask eller snusk» og «grøss eller godteri» – og «knask eller knep». Det siste stammar visstnok frå ei Donald Duck-omsetjing frå 60-åra.
Ja, og så har vi sjølvsagt Nemi-versjonen, «digg eller deng»:
– Snella –
[…] I sengehyggen kjenner eg meg litt som ein figur i Harry Potter, og litt som eit graskar. Det er definitivt antrekket for Halloween i tilfelle det kjem godteskrømt. […]