«Strikk til Nøstebarn» av Kathrine Gregersen er ei av dei finaste strikkebøkene eg veit om. Fullstappa av basisoppskrifter, mest til liten, men òg nokre til dei litt større. Babyteppet frå boka i original 2-tråds merinoull fekk eg av tanta mi då Nøstegutten blei fødd for snart 8 år sidan. Ved første augekast synes eg ikkje det var særlig pent der det låg i naturfarge og rillestrikk, men det skulle vise seg å bli ei av dei finaste gåvene eg har fått. Teppet blei brukt sommar som vinter, i vogn, i bil og i seng. Då Klumpen blei fødd, arva han teppet, og då Snuppa kom til verda, brukte ho det ei stund òg. Men då måtte eg til slutt kaste teppet, som var heilt utslitt. Eg strikka umiddelbart eit nytt som Snuppa framleis bruker i trilla si. Og eg har strikka fleire i barselgåver. Ei fantastisk gåve å gje.
Ei anna oppskrift eg har brukt fleire gonger frå boka er «Heil dress i dobbel 2-tråds garn». Ypperlig plagg for barnehagebarn og kanskje dei som er litt større ôg. Lett å kle på seg sjøl og så slepp ein «buatrekken» som pappaen min kaller det, den kalde gufsen nedover ryggen når genser og bukse går kvar sin veg når ein bøyer seg. Denne hausten har eg strikka to dressar. Ein til Snuppa i str 3 år. Sidan den forrige dressen hennes var melert tenkte eg å gjere ein vri og strikke striper. Det blei ein fargerik dress som fekk grøne spøkelseknappar nederst og Snella og Petronella knappar med Rampeunge, øverst.
Den andre dressen eg har strikka no er til grandnevøen min som blir 1 år i november. Sidan det er få som likar å strikke på den sida av familien føler eg eit lite ansvar for at den vesle krabaten skal halde seg god og varm gjennom vinteren. Dressen er strikka i str 2 år slik at han har litt å vekse i.
Så fekk eg tidligare i haust høyre om at det blir fleire babyar å strikke til iløpet av våren. Strålande nyheiter, og eg heiv meg på pinnane. Ei «jakke med rundfelling» frå Nøstebarnboka blei til, strikka i Merino Extra Fine. Jakka fekk knall rosa kant og perlemorknappar. Om det blir gåve til ein av dei nevnte babyane er uvisst, men ei nydelig jakke blei det!
Vil du ha meir inspirasjon til bruk av Nøstebarngarn eller vil sjå eksempler på produkt av Nøstebarnoppskrifter må du ta deg ein tur innom den flotte Nøstebloggen.
– Nøstet –
[…] og ein vrang ein heil genser var det andre prosjekt som frista meir. Og sidan ho allereie hadde ein Nøstebarndress til å ha i barnehagen, blei bukseprosjektet lagt på vent. Men så var det påtide å ta seg saman […]
[…] brukar under regnkle i barnehagen. Eg har òg strikka ein til grandnevøen. Det har eg skreve om i eit tidlegare innlegg. Så når eg skulle lage julegåve til Fikslein var ikkje valget vanskeleg. Ei heilt […]