Haust, sprakande fargar, lange skjerf, varm te, ullkjolar og graskar.
Som ung studine i Tyskland fekk eg smaken på graskar, eller Kürbis som det heiter på tysk. Er ikkje et eit flott ord? Nesten til å ete opp, synest eg. Eit par spesielt gode oppskrifter vart med på flyttelasset heim att, og denne graskarpaien har eg servert som ein del av standardrepertoaret mitt i årevis. Originaloppskrifta fann eg i Brigitte.
Oppskrifta gir pai i ei lita langpanne, nok til lett kvelds for åtte personar eller middag for fire. Server med salat og skummande øl.
Deig:
Rør og elt saman 150 g smør, 150 gram kesam, 1 ts salt, 6 dl kveitemjøl og ein skvett vatn (slik at deiga heng saman). La deiga stå i kjøleskåp under plast medan du gjer klart fyllet.
Har eg det travelt, hender det eg kjøper ferdig paideig på butikken. Men eg unngår det viss eg kan, for den typen dei sel på min nærbutikk, inneheld skummelt transfett (delvis herda fett).
Fyll:
ca. 1 kg graskar
3 ss hakka soltørka tomater i olje
1 liten løk
2 kvitløksfedd
1 raud chili
salt og pepar
ein pakke fetaost
svarte oliven utan stein
4 egg
1,5 dl kremfløyte
hakka urter
Fres hakka løk, kvitløk og chili (ta vekk frøa og dei kvite hinnene inni først så det ikkje blir for sterkt) og tomatar i olje i ei steikepanne i eit par minutt.
Tips: I snellefamilien er det mange som har løkallergi. Vil du unngå løk og kvitløk, går det an å bruke grøn paprika i staden i denne oppskrifta.
Ha i graskarkjøt i terningar og steik vidare i fem minutt til. Smak til med salt og pepar.
Trykk paideiga ut i smurt form (altså den vesle langpanna) og ha i fyllet frå steikepanna. Visp saman egg, fløyte og urter og ha over. Strø over fetaost i terningar og svarte oliven til slutt. Steik på 200 grader i 30 minutt.
– Snella –
[…] ønske godteskrømta velkomne, men graskar blir servert i heimen opptil fleire gongar i oktober! Eg har tidlegare delt den deilige oppskrifta mi på graskarpai og på bakt flaskegraskar. I år skal fylt graskar få skape stemning rundt […]
[…] annan god og løkfri rett er graskarpai. Må du også unngå både gluten, laktose og kjøt, er denne retten med laks ein […]