«Ikkje blunk, vi køyrer no gjennom Thusneldaalléen. Det er den kortaste alléen i Berlin», sa drosjesjåføren med ekte entusiasme. Eg trudde han så gjerne. Om lag 40 snellesteg lang er den, og husar eitt einaste bygg – ei vakker kyrkje.
Thusnelda? Det er jo nesten Snella, tenkte romantiske Snella, sikker på at dette måtte vere ei namnesøster ho nok hadde mykje til felles med, og tusla til den flotte Arminuis-marknadshallen i Arminiusstrasse like ved for å ta ein kopp kaffi og forske.
Her er ein sterkt forenkla historie- og tysktime:
Thusnelda var dotter av cheruskarfyrsten Segestes og levde i Romarriket i starten av vår tidsrekning. Thusnelda var vekklova, men vart bortført av Arminius og gifta seg med han.
Arminius leia allierte germanarar i eit stort opprør som kulminerte i slaget ved Teutoburgerskogen. I Tyskland er Armenius kjent som Hermann, og han er eit viktig nasjonalsymbol på godt og vondt. Det er mellom anna eit stort hermannminnesmerke der slaget sto. Minnesmerket skal ifølge heimesidene vere eit fredssymbol som minner om dei fryktelege følgene av krig.
Thusnelda vart etter kvart røva tilbake av pappa Segestes, sannsynlegvis mot sin vilje, og gitt som krigsbyte til den romerske feltherren Germanicus, som her tyder «sigerherre over germanarane». Thusnelda var då gravid med sonen Thumelicus, og begge vart etter kvart sendt i eksil i Ravenna.
Meir seier ikkje historia om Thusnelda. «Der weitere Lebensweg liegt im Dunkel der Geschichte verborgen», som det heiter så vakkert på tysk.
Namnet Thusnelda
Thusnelda er ei latinisert namneform med norrønt opphav. Førsteleddet kjem av det gammalnorske ordet Þurs, som tydde ʻtrollʼ eller ʻjotunʼ, altså ein kjempe. (Det er det same ordet som vi i dag finn i tuss.) Andreleddet kjem av hild, som tyder ʻstridʼ.
Der rauk min folkeetymologiske teori om at Thusnelda var ei namnesøster.
Ifølge bloggen Legitimate Baby Names er namnet vanleg bruk i Latvia, då skrive Tusnelda.
Også i tysk språk er namnet Thusnelda godt kjent, om enn med ein ufortent negativ valør. Fram til 1900-talet var Thusnelda ei staut fyrstinne og eit positivt symbol, men så gav Heinrich von Kleist ut teaterstykket «Hermannsschlacht», pensum for generasjonar av skuleelevar (og dessverre misbrukt i 30- og 40-åra).
I stykket vart «Thusnelda» brukt som omgrep for masete kjerringar og (dumme) tenestejenter. Thusnelda er blitt forkorta til «Tussi» og blir no brukt i tydinga ʻkjerringʼ. Det er kanskje derfor det ikkje er så mange tyske småjenter som får namnet i dag.

Sørgande Thusnelda, Loggia dei Lanzi i Firenze
– Snella –
Legg att eit svar