Som unge studiner var Snella og Nøstet kanskje litt atypiske. Ofte sat vi heime i sofaen og hadde handarbeidskveld. Ein periode var vi hekta på korssting, og skjønne bamsar i ulike situasjonar kasta vi oss begge over. Vi hadde verken mål eller meining med dei små broderia, og lenge låg dei i kista til løynd glede. Men så: teppe! Kjempeidé. Eit par timar ved symaskina, og vips så hadde vi søte teppe til barnerom.
– Snella og Nøstet –
[…] blondekant, dei flotte vognteppa (strikka og hekla i oldemorsruter), babyteppet i bomull, og bamseteppa med korsting. Og fleire teppe blir det […]