Du er min los på
leia eg dreg,
du er mitt ljos på
nattville veg.
Sjølv om du vankar
langt her ifrå,
i mine tankar
bur du enn då.
Der skal du bu som
song i mitt sinn,
venen min, du som
einast er min.
Der skal din kjærleik
vere mi bøn,
der skal din nærleik
vere mi løn.
Einsam eg stod og
du vart min del:
blod av mitt blod og
sjel av min sjel.
Jakob Sande
– Snella –
Reblogged this on gløymeboka.