Geher og Steher debuterte i det offentlege DDR-rom 13. oktober 1961 og vart raskt Berlins nye yndlingar. Men etter murens fall i 1989 heldt dei på å stryke med. Vesttyske politikarar og trafikkforskarar likte nemleg ikkje dei skjøne raude og grøne, og dei forsvann frå gata ein etter ein.
Heldigvis bestemte designaren Markus Heckhausen seg for å ta seg av ampelmennene. Han frigjorde dei frå trafikketatens dystre fangehol før bøddelen kom, og gav dei nytt liv som lamper. Igjen fekk Geher og Steher stråle, og Ampelmann var brått på alles lepper, både austtyske og vesttyske. Slik vart det mobilisert opprør mot at eit av dei siste DDR-symbola skulle forsvinne. Kampanjen «Rettet die Ampelmännchen» fekk enorm tilslutning, og politikarar og styresmakter måtte til slutt gje etter og delta i ein sakleg diskusjon om ampelmannens lagnad.
Og saklege argument vann fram. Geher og Steher har både tydeleg symbolikk og var dessutan både kjente og kjære. Dei har tydelege linjer, er fyldige og har stor hatt slik at kontrastane er gode og det blir stor lysflate – til glede og nytte for både born, eldre og svaksynte. Så vart dei no også utforma av den vaskeekte trafiikkpsykologen Karl Peglau.
Dei fleste trafikkansvarlege ministerium i dei nye forbundslanda (altså tidlegare DDR) vel no å bruke austmennene, ikkje minst for å byggje opp om austtysk identitet. Ampelmann har for lengst fått kultstatus, og har flytta inn mange stader i Vest-Berlin òg. Til og med i dei gamle forbundslanda kan vi snuble over han.
I dei seinare åra har EU rasla med sabelen og trua med å kreve standardsignal. Men Geher og Steher held enno stand. Heldigvis! For EU-personen er til samanlikning uinteressant, kantete, upersonleg, kjønnslaus og har ikkje ein gong eit namn. Det skal vere hyggeleg å krysse gata! Og om nokon insisterer på standardisering: Geher og Steher i heile Europa, bitte!
I Berlin finst det eigne ampelmannbutikkar for dei mange ihuga tilhengjarane. Sjølv har eg sjølvsagt eit arsenal av nøkkelringar, bordskånarar og refleksar. Men ampelmennene er også fine motiv som er lette å kopiere og bruke i eigne prosjekt.
Då Susta var ferdig studert, fekk ho eit godt og varmt venskapspledd som Cysta og eg hadde sydd med motiv frå livet hennar. Geher var sjølvsagt eitt av motiva, klippa ut i grønt stoff og applikert på ein bit av ei gammal dongeribukse:
Og tenk, til min eigen fødselsdag fekk eg tidenes finaste, eigendesigna og heimestrikka ampelmanntøflar av ei kreativ veninne:
– Snella –
[…] Berlin som eg, fylte nettopp 40 år. Det var ingen tvil om kva ho måtte få: eit sitteunderlag med Ampelmänner, både Steher og Geher, til å ha i parken når ho skal sitte og strikke medan ungane spring […]
[…] alt vi kunne av positiv energi og kraft, mellom anna den kjære, prikkete kakeboksen til farmor, Geher, ein flirande svart sau, ein overdimensjonert muffin og lommar til bamse, sjokolade og […]