Julegaveproduksjonen fortset. Her er eit sett som eg har laga i julegave til ei venninne. Hua er «VM-hua» til Line Andersen i Nrk. Har laga ei slik til meg sjøl tidligare og den sit fint på. Skjerfet er strikka i havskummønster og er ca 160 cm langt. Det er strikka i Rubin som ein får kjøpt på Spar Kjøp.
– Nøstet –
[…] du meir hueinspirasjon? Eg har strikka mange dei siste åra. Florisse Hat, Line-hua, fleire i Lue-alongen til uformelt og ei nydelig med blomst som eg faktisk held på å strikke […]
[…] Når ein er mykje ute og triller vogn må ein ha gode ullplagg, og det gjer ingenting at dei i tillegg er flotte å sjå på. Ei av veninnene er i permisjon og triller mykje. Sidan ho har bursdag like før jul laga eg ei kombinert jule- og bursdagsgåve. Det samme gjorde eg året før, då ho fekk dette settet. […]