Sitrande spenning, lys i ruter og graner, gløgg og kos. Det er advent! Advent kjem frå latin «ad», som tyder ’til» og «venire», som tyder «komme», eigentleg er det ei forkorting av «adventus Christi» «Kristi komme».
Advent er nemninga for dei siste fire vekene før jul. Det er altså ein periode, og slik sett er det litt smør på flesk når nokon snakkar om «adventstida».
Vi har opna første luka i adventskalenderen. Eller seier du julekalender? Eg synest det verkar som om ordet adventskalender er i ferd med å forsvinne. Kanskje det er eit trekk ved tida vi lever i? Vi begynner jo å førebu jula tidligare og tidligare for kvart år, og butikkane veit at alt som heiter noko med «jul» vil selje. Druknar den eigentlege ventetida i alt kjaset?
Adventsstake har vi heldigvis enno. Min er ganske enkel i år: Staken er fire armar av Knud Holschers byggesettstake. Lilla lys, ekstravagante lilla mansjettar, eit søtt lilla hjarte som Nøstet har sydd, og eit gullhjarte.
Og «advent» har berre ein d. Det har ingenting med «å vende» å gjere. Det har derimot ordet «utadvendt». Min utadvendte stake skal få stå ut advent.
– Snella –
[…] litt meir, og eg har kjøpt trygge lyshaldarar for andre typar lys. Kanskje blir kransen brukt som adventskalender eit år, der vi pyntar med ein ny ting kvar dag. I dag er kransen eit enkelt og lunt innslag i […]
[…] God advent! […]
[…] og lilla passar godt saman, og det er ikkje lenge til det er advent. Mønsteret til denne strikkakjolen i Alfa frå Sandnes stod i Familien for fleire år sidan, og […]