I Nøstehuset har vi to bursdager tidlig i desember. Før desse er vel overstått nøyer vi oss med å pynte forsiktig til advent.
Adventsstaken får sjølvsagt komme fram. Denne frå Black Design har eg hatt i mange år. Ein kan velge om ein bruker kubbelys i den, eller om ein set på holdarar til tynne høge lys. Men aktive unger i huset vel eg å bruke kubbelys enn så lenge. Tala på lysa kom med eit interiørblad eg kjøpte. Sjølv om eg er veldig glad i lilla, er faktisk adventslysa det einaste lilla innslaget i stova. Her pynter vi med elles med raudt og kvitt.
Sviblar høyrer jula til, og i år har eg satt dei i ei skål eg hadde frå før og putta litt mose rundt. Enkelt og stemningsfullt.
Adventskalenderen som snuppa får presangane på broderte eg til Nøsteguten når han blei to år. Det vil seie, den blei vel påbegynt minst eit år tidlegare. Denne var det jammen mykje arbeid med! Måtte få hjelp av Nøstemammaen til å få den heilt ferdig. Men den blei ferdig til slutt og flott blei den iallefall.
– Nøstet –
Hvor er det en smuk kalender – kan mønsteret skaffes?
Eg trur dessverre ikkje det er i sal lenger. ☹️
Hei.
Har tidligere brodert denne adventskalenderen.
For en stund siden begynte jeg å lete etter mønsteret for å brodere en kalender til, men fant da ikke mønsteret. Har vært innom forskjellige butikker og nettbutikker men har fått høre at mønsteret ikke lenger er mulig å skaffe. Har du mønsteret liggende?
Hei. Eg kan diverre ikkje finne det no når eg leita kjapt. Muleg eg har det ein lur plass, og om det skulle dukke opp skal eg legge inn ein kommentar om det. Men eg har diverre ikkje tid til å leite gjennom alt akkurat no. Mvh Nøstet.
[…] Kalenderen er den samme som tidlegare, den broderte eg med hjelp frå mamma til Nøsteguten for mange år sidan. […]