Feuerzangenbowle (eldtongpunsj) er ein type punsj som passar å servere i advent og til nyttår. Punsjen har lange tradisjonar og ser spektakulær ut der sukkeret dramatisk brenn og smeltar under blå, dansande flammar. Drikken har lange tradisjonar, og filmen «Die Feuerzangenbowle» frå 1944 har kultstatus i Tyskland.
Namnet Feuerzangenbowle kjem av at ein opphavleg brukte ei eldtang til det brennande sukkeret. No finst det eigne stativ og eigne sukkerkjegler til formålet.
Det finst mange ulike oppskrifter og lokale variantar. Eg har lært å bruke:
- 2 liter raudvin
- nellikspiker
- kanelstang
- stjerneanis
- 2 appelsiner i skiver
- 2 sitronar i skiver
- 1 flaske brun rom med minst 54 % alkohol (helst 80, men 60 % alkohol er jo det sterkaste som er lov her til lands)
- sukkerkjegle (Det får ein kjøpt i alle tyske matbutikkar før jul. Har du ikkje, kan du samle 250 g sukkerbitar i ein haug)
Varm opp vin, krydder og frukt til rett før kokepunktet. (Om du er av den velorganiserte typen, kan du la appelsin- og sitronskivene trekke i romen i eit par veker før den store feuerzangenbowledagen.) Plasser på eit varmeelement. Plasser sukkerkjegla på stativet sitt. Det ser sjølvsagt ikkje like fancy ut, men sidan eg ikkje har kjøpt slikt spesialutstyr, brukar eg ei vanleg rist over panna. Aus rikeleg med rom over sukkerkjegla. Så kjem høgdepunktet. Demp lyset og tenn på sukkeret. Blå flammar dansar og smelta, brent sukker dryp ned i vinen. Hald fram med å ause rom over sukkeret til alt er smelta ned i vinen. Ikkje tøm rom rett frå flaska etter at du har tent på, men bruk ei ause!
Server helst med behanska hand og i klassiske punsjglas.
Kultfilmen
Filmen Die Feuerzangenbowle frå 1944 er basert på ein roman av Heinrich Spoerl. Kort oppsummert: Eit gemytteleg og distingvert herrelag er samla rundt feuerzangenbowleskåla og mimrar om dei gode, gamle skuledagane. Ein av herrane, den kjende forfattaren Johannes Pfeiffer (Heinz Rühmann), hadde huslærar og har ikkje opplevd slik moro. Varme i toppen er alle samde om at han må få tatt det igjen. Som tenkt, så gjort. Pfeiffer kler seg ut som ein unggut (godt gjort av ein mann på 42!) og har det riktig så moro på skulen, der han finn på dei sprøaste strekar og peik
Før jul vert filmen vist på studentkinoar over heile Tyskland, og mange ritual følgjer med. Som ung studine i Tyskland fekk eg offisiell invitasjon til ein klassisk kveld og beskjed om å ha med lommelykt og ei gammaldags skramlevekkarklokke. Kvar gong klokka i filmen ringer, skulle eg la klokka mi ringe med. Lommelykta skulle eg hente fram i scena der hovudpersonen brukar klokka si til å reflektere sollys.
Før filmen var det feuerzangenbowlelag med kleskode «kjole og kvitt» (til nød smoking eller mørk dress). Det betyr lange kjolar for damene og lange hanskar, så klart. Ustyrteleg artig var det.
– Snella –
[…] Og så får jo òg tak i matchande krus. Perfekt til gløgg eller eldtongpunsj/feuerzangenbowle. […]
[…] Snellefamilien er på tur i sitt kjære Førjulsberlin. Denne gongen har vi utført ein uformell test av Feuerzangenbowle (Eldtongspunsj) på ulike julemarknadar. Punsjen har litt sitrussmak, og derfor likar eg god Feuerzangenbowle betre enn Glühwein. Både drikken og kultfilmen har eg skrive om i dette innlegget, og her finn du òg oppskrift. […]
[…] i advent og snellefamilien var på førjulstur til Berlin med sine koselege julemarknader og gode feuerzangenbowle. Eg ville unne meg eit hyggeleg magasin og stilte meg framfor den velfylte bladhylla på Tegel […]