Skitnesøndag er siste søndagen før jul. Eg har lært at det er fordi denne søndagen var det lov å vaske og førebu seg til sjølv om det var kviledag.
På skitnesøndag åt ein òg den aller uslaste maten, og heime var det skjelter med mølje. «Skjelte» heng saman med ordet «skalle» og retten er òg kjent som «skoltar», «sauehaue» eller «smalahove». Det er ikkje mykje kjøt på skjeltene, så ein måtte først ete seg nokolunde mett på mølje, som i denne samanhengen er flatbrød dyppa i den gloheite kokekrafta med sirup.
No er skjelter blitt eit kultfenomen og alt anna enn usselt og billig. Derfor har eg starta ein ny tradisjon, nemleg å invitere til grautlag på skitnesøndag. Det er alltid populært. Eg er vant med å servere risengrynsgrauten med rosiner på og spekemat til.
Og mandelen? Den er det pussig nok alltid ei av dei minste som får.
– Snella –
[…] eit svartkvittbilete av oss frå sist gong vi vi var på fest i dei same lokala (ein solid skjeltefest) og fått sett på ein kremfarga passepartout der alle gjestene skreiv namnet sitt. Biletet heng no […]