Då var det endeleg tida for å finne fram nissane. Iløpet av dei siste 10 åra har eg kjøpt meg 3 nissefamiliar og strikka klede til dei. Nissane og oppskriftene til plagga er frå Fagstrikk.
Først ut var raudnissefamilien. Ser litt beskjedne ut desse foreldra, men det kjem seg vel etterkvart.
Så kom dei raude og grøne nissane. Desse er ifølge fagstrikk, fjøsnisser. Kleda til desse er strikka etter heilt andre mønster, og nokon av plagga er tova.
Då syns eg eigentleg at eg hadde nok nissar. Men så dukka plutseleg blånissefamilien opp. Kjærleik ved første blikk og det tok ikkje lang tid før nok ein nissefamilie måtte få strikka plagg.
Og no er det jammen kommen ein kvit familie ôg, snønissefamilien. Eg såg dei i fjor, men har så langt ikkje gått til innkjøp. Men du skal ikkje sjå vekk ifrå at det til neste år så sit dei her….
– Nøstet –
[…] er nok eit stykke unna. Rett nok har det dukka opp nokre nissar i krokane og kakemenn er baka, men så stoppar det fort. Då er det godt at det er ei heil veke […]
[…] Mange av stripene fekk meg til å huske gamle prosjekt, blant anna er det ein del garn frå den blå nissefamilien, nokre av nøsta var frå garnet eg arva etter mamma og eit par nøster bytta eg til meg frå […]