Julegåva frå Nøstet til Snella var i år tova tøflar. Eit par grønt med gul kant og eit par svarte med grøn kant. Tøflane er strikka i Tove med glattstrikk, men sålen er strikka i riller for at dei skal bli ekstra mjuke og varme. Det grøne paret er strikka i str 42-44 og er tenkt skulle passe til Snellemannen, og dei svarte er str 38-40. Mens ein held på å strikke desse kan ein lure på om dette verkeleg kan bli bra til slutt, sjå berre her korleis dei ser ut før dei er tova.
Heldigvis gjekk toveprosessen heilt som den skulle. Dei svarte fekk ein omgang i vaskemaskina med ein handduk, mens dei grøne tok seg ei runde på kortprogram i tillegg. Og då blei dei slik.
Så no held nok Snella og Snellemannen seg gode og varme på beina.
– Nøstet –
[…] før dei blir små nok, men no er dei skikkeleg varme og tette. Tidligare har er forresten strikka tova tøfler til Snella og […]