På jentetur til Berlin er det obligatorisk å stikke innom Ideenwelt-filialen til KaDeWe i Passauerstrasse. Her har både eg og veninner funne garn og tekstilar, maling og lerret, papir og dilldall til bryllaups- og dåpsinvitasjonar og borddekorasjonar, idébøker og inspirasjon i massevis.
På ein tur i fjor handla ei veninne alle nøsta med deilig og varm, lysebrun økologisk ull til slumreteppe. Neste gong eg var der, tok eg med meg nokre nøste i avstemte fargar for å overraske med ei matchande sofapute til jul.
Putetrekket er strikka i rettstrikk fram og tilbake i mørkebrunt, med striper av beige på baksida. Strikka hjarte finst det mange oppskrifter på, men eg ville ha eit litt meir avlangt og lett vindskeivt hjarte i glattstrikk.
Ca. sånn kan du gå fram:
Legg opp tre masker med kvitt garn, strikk glattstrikk og auk 1 m på annankvar rettpinne til du har 19 m på pinnen. På vrangpinnen tilbake strikkar du 11 m, løftar den 10. m over den 11. og strikkar ut pinnen.
Høgre side: Strikk 1 m, så 2 m sm i bakre del av maskene og strikk ut pinnen. Strikk ein omg. vrangt. På neste pinne, strikk dei to nest siste m på omgangen saman. Fortsett slik til du har tre m att. Strikk 2 m saman og trekk tråden gjennom dei siste maskene.
Venstre side: Strikk som høgre side, men begynn med å felle dei to nest siste m på omgangen.
Strekk hjartet i fasong og sy fast på framsida med naive, beige sting.
Denne puta vart veldig populær, og derfor har eg strikka fleire sofaputer i veninnegåver. Denne er i naturkvit Nepal, og denne er heilt lik, men i beige/sandfarga/lysebrun Nepal.
– Snella –
[…] Den strikka hjarteputa var veldig populær. Fleire som har sett den, har òg ønska seg ei lun, strikka pute til heim eller hytte. […]