Eg er heldig som har ungar som vil ha mamma sine strikka produkt. Spesielt Snuppa spør omtrent dagleg «Kven strikkar du til no mamma? Til meg?». Hausten 2011 blei det tunika på Snuppa. Mønsteret er frå Pt-design nr 103, og er der strikka i bomull. Bomullssesongen er desverre svært mykje kortare enn ullsesongen, så eg valgte å strikke den i Merino Extra Fine. Blei skikkelig flott og veldig rosa. Akkurat som Snuppa ønskte seg.
Nøsteguten trengte ny genser til vinteren og han hadde ôg nokre krav. Genseren skulle vere einsfarga blå (ikkje begeistra for trådar som hektar på vranga) og den skulle ikkje klø. Dobbel alpakka gjer susen. Kjapt prosjekt blei det ôg. Mønsteret er fra Garnstudio og er ikkje særleg spennande. Men når Nøsteguten er nøgd er eg nøgd. Genseren blei litt kort i raglanfellinga, så det som skulle bli høg hals blei istaden lav. Eg har lese oppskrifta fleire gonger for å sjå om eg har gjort noko feil, men ikkje komme fram til noko. Eg har ein tendens til å strikke litt fast, men eg trur ikkje det kan vere den einaste årsaken. Uansett så blei genseren fin på, men har nok ikkje så lang brukstid som den kunne ha hatt. Då er det kjekt at Klumpen står klar til å arve.
– Nøstet –
[…] hjarteknusarane: Ein gensar eller tunika. Den brune gensaren har vi blogga om her, og tunikaen finn du i dette innlegget, saman med enda ein lettstrikka genser. I dette heftet, som ligg gratis på Sandnesgarn.no, finn […]