Då har Nøstefamilien endeleg komme vidare i hytteprosessen. No er hytta tegna heilt ferdig og kontrakt er skriven med eit snekkerfirma. Grunnarbeid skal starte opp så snart byggemeldinga er godkjent og snekkerfirmaet står klar til å ta over like etter påske. Om alt går etter planen vil vi då kunne flytte inn på hausten ein gong.
Her ser eit bilde frå stranda som ligg 60-70m frå hytta. Hytta ligg ein del høgare oppe, men vi vil ha utsikt til båtane og kaia ein ser på bilde.
Og mens eg er inne på hytte, så fortset jo sjølvsagt planlegginga av interiøret. Til jul fekk eg to flotte oppvaskklutar. Og blei inspirert til å lage eit par til. Veldig kjekt strikk når ein sit på fly, tog og buss. Den eine er strikka i Føn og den andre i Paris, og begge etter oppskrifta «Husmor Marias kopptue».
Og så har eg glømt å blogge puta som eg hekla ifjor. Eg har desverre gløymt kor på nettet eg fann mønsteret/idêen. På baksida har eg hekla ei stor oldemorsrute i dei fargane som var igjen.
– Nøstet –
[…] er puta i selskap med ei pute eg har fått frå Strikkeveninna og sirkelputa som eg hekla for nokre år sidan. […]