Den danske strikkedesigneren Lene Holme Samsøe lagar mange flotte oppskrifter. Ein kan finne mange av oppskriftene hennes i heftene til Sandnes, og så har ho gitt ut fleire bøker. Ein av desse bøkene er «Sødt og blødt». Ei lita bok med oppskrifter fra 0-3 år. I denne finst «undertrøje med hulmønster», strikka i alpakka. Ein rask kikk i alpakkakassa viste at det måtte bli offwhite eller lilla sidan det var det eg hadde to nøster av. Då blei det sjølvsagt lilla. Og for ein deilig singlet det blei! Den blei kjapt ein favoritt til Snuppa som er inne i ein anti-kjole periode. Og den blir nok å finne i ulike farger under juletreet i 2012 til fleire små jenter eg kjenner. Og gjerne nokre gutar ôg, men då utan holmønster.
– Nøstet –
[…] oppskrifter på vestar, og eg likar å prøve fleire. Tidlegare har eg blant anna strikka Viggo og singlet frå Lene Holme Samsøe. Uglevest er òg populært. Til jul strikka eg Nøstebarnvest til Snella sin […]