Dukkekle er ypperleg for å redusere garnlageret. Det går ikkje så mange gram på kvart plagg, og dei er ikkje så opptatt av kva farge dei får. Akkurat i dette tilfellet hadde eg nesten akkurat dei fargane som stod i oppskrifta (som du finn i Sandneshefte 0106), og heile settet blei ganske flott om eg skal sei det sjølv. Utfordringa på dette settet var at eg måtte strikke med fleire fargar på ein gong, både på retta og vranga. Absolutt ikkje favorittgreina i strikkefaget, men noko eg bør fortsette å øve meg på. I tillegg skulle det vere glidelås på dressen, og det har eg aldri prøvd å sy i eit strikka plagg før. Etter tredje forsøk blei eg fornøgd nok, sidan det er til ei dukke. Så no kan dukka vere med ut om det er kaldt. Mulig ho blir litt kald på beina, men det får eg ordne ein anna kveld.
Dukkene til Snuppa begynner å få ei variert garderobe. Her er nokre av dei heimestrikka plagga.
–Nøstet –
[…] Til hjarteknusarane: Kle til dukke eller bamse. Settet på biletet nede til høgre finn du gratis på Sandnesgarn sine nettsider. Der finn du òg dette heftet gratis. Meir inspirasjon kan du finne i eit tidlegare innlegg på bloggen. […]
[…] bøkene hennar er verkeleg flotte og ser ut som skikkelige babykle. Tidligare har eg strikka masse dukkekle, men då helst frå heftene til Sandnes […]