Slik såg foreldra mine ut seint på 70-talet.
Det vil seie, det er ikkje dei du ser på bildet, men slike gensarar hadde dei. For omlag 15 år sidan skulle mamma kaste desse gensarane mens ho hadde ryddesjau på loftet. Då syns eg ikkje gensarane var noko fine (men no syns eg dei er kjempetøffe!), men istadenfor at ho skulle kaste dei, rekte eg opp store delar av dei og samla garnet i ein pose. Det var vel starten på det som etterkvart har blitt garnlageret mitt. No prøver eg sjølv å rydde litt, og då dukka posen opp igjen. På tide å gjere noko med dette garnet. I eit Sandneshefte fann eg oppskrift på sitteunderlag og satt igang med å strikke. Stripene blei så breie som dei ulike nøsta var.
Dette står inni i oppskrifta.
He, he, modell Disko! Jammen kjekt at ein kan få velge farge sjølv. Men eg lurer på kven som handheva den lova om at ein ikkje fekk lov til å strikke genserane i anna garn…. og kvifor heitte garnet noko anna i Nord-Norge enn lenger sør?
– Nøstet –
Legg att eit svar