Korleis muntre seg sjølv opp på ein grå februardag? Jo, ved å ta på seg ein hatt når ein skal ut, og sjå Poirot og drikke te om kvelden!
Agatha Christie og Poirot – og først og fremst filmatiseringane med David Suchet som Poirot – har halde meg med selskap mang ein vinterkveld. Historiene er underhaldande, men det er først og fremst kulissene, språket, interiøret, antrekka og stemninga som gjer at eg ser filmane om og om igjen.
Den stramme og symmetriske, herlege art deco-stilen er ein draum.
Art deco-stilen har gitt meg mykje inspirasjon til eigendesigna strikkeplagg og interiør. I Poirot er Miss Lemon og dei andre velkledde damene verkelege stilikon.
I episoden «Lord Edgware dies» («13 til bords») såg eg ein rålekker hatt med skrå brem:
Ein slik hatt, i filmen omtalt som «very modern, with a slanting brim», måtte eg berre ha. Og lukka stod i taket då eg omsider fann ein. Med denne og ei elegant kåpe kjenner eg meg full av inspirasjon og sjølvtillit sjølv på grå vinterdagar:
Hattane er ikkje dei einaste hovudplagga frå art deco-tida som er verd å nyte. Då eg skulle gifte meg, leita eg etter passande art deco-inspirasjon og vurderte brudeslør i art deco-stil.
Dette skjønne sløret minner om det farmor bar då ho stod brur i 1932. Eg skulle så gjerne kopiert stilen i mitt eige bryllaup, men det ville dessverre sett malplassert ut til resten av temaet.
Men eit lite art deco-element klarte eg å snike inn, elegante liljer i brudebuketten:
Liljene går att i art deco-kunst, mellom anna i bileta til kunstnaren Tamara de Lempika, som er kjent for sine sterke portrett. Du kan skimte bileta hennar i bakgrunnen i fleire Poirot-episodar, mellom anna i «One, two buckle my shoe» («Siste time hos tannlegen»). Ein plakat med dette biletet, «Portrait de madame Ira Perrot», prydar eine veggen i snellebiblioteket.
Litt meir art deco-inspirasjon *sikle*:
Berlin-tips: Under jernbanelinja i Georgenstrasse i Mitte kan du finne mange skjulte skattar i form av lekre vintage Art deco-smykke (og andre ting).
– Snella –
[…] perler, art deco-koppar og ein hatt med skrå brem er eg klar. No må vel invitasjonen komme […]
[…] dagar stod det seg eit bryllaup heilt vest i havgapet. Litt har eg blogga før, bryllaupscapen og brudebuketten, og brudeskoa er omtalte her. Men no som det er jonsokkveld igjen, fekk eg lyst å vise nokre […]
[…] Brudebuketten med orkidear og callaliljer er omtalt her. […]