Den strikka hjarteputa var veldig populær. Fleire som har sett den, har òg ønska seg ei lun, strikka pute til heim eller hytte.
Ei pute må jo passe til den som skal få den. Neste gåvepute var 40-årsgåve til ei veninne med eksklusiv smak og lekker, ny hytte. Altså fall valet på mjukt Nepal-garn i beige og (for meg) intrikat flettemønster.
Eg er heilt imot å strikke fram og tilbake når eg kan strikke rundt. Slik slapp eg òg tolke mønsteret frå anna ein rettsida. Ein kjempefordel for dei litt meir utrente. Eg ville dessutan ha ei litt strammare pute, og brettekanten med knappar passa ikkje til mottakaren.
Det vart litt hovudrekning før eg kom i gang, men resultatet vart flott!
På biletet har puta fått selskap av sauefellsputa frå Island.
Puta blir òg veldig fin i naturkvitt.
– Snella –
[…] Denne puta vart veldig populær, og derfor har eg strikka fleire sofaputer i veninnegåver. Denne er i naturkvit Nepal, og denne er heilt lik, men i beige/sandfarga/lysebrun Nepal. […]
[…] likte den strikka sofaputa i Nepal, og då er det klart ho måtte få ei. Sidan Nøstet har flunkande ny hytte, passa det med ei […]