No er eg begynt å lengte etter vår og sommar. Etter ein kort sms-prat med Snella om manglande gnist til å sette igang med dei strikkeprosjekta eg hadde på lista mi, kom vi fram til at det måtte bli noko til sommaren. Helst til meg sjølv. Vel, det fann eg ikkje, men som vanleg fann eg mykje fint eg kunne lage til Snuppa. På Garnstudio fann eg ei kort bomullsjakke i havskummønster som berre trengte 4 nøster Muskat. Muskat hamstra eg på salg ifjor haust, så det var ikkje noko problem. Eg hadde nok av både turkis, kvit og mørk lilla. Det blei sjølvsagt lilla. Jakka i str 4 år strikka eg på tre kveldar, og brukte 3 nøster + 10 cm av det fjerde.
Eit par dagar seinare var eg og Snuppa på jentetur på strikkebutikken og handla knappar. Snuppa kom over nokre lilla Hello Kitty knappar, men lot seg tilslutt overtale til at det gjekk greit med diamantar på jakka dersom ho i tillegg fekk Hello Kitty-knappane med seg i ein eigen pose. Så får vi sjå om vi kan finne eit Hello Kitty prosjekt ein annan gong.
– Nøstet –
Legg att eit svar