Snuppa bestemte seg endeleg for bleieslutt til foreldra si store glede. Ut av badet med stellekommoden! Og dermed måtte eg finne ein ny plass til alle klena hennes. Rommet hennes er langt og smalt, og har allerede ein del hyller. Det blei vanskeleg å få plass til klesskap uten å måtte ta ut dei hyllene ho allerede hadde der. Så eg bestemte meg for å kjøpe ei seng med oppbevaring under.
Etter mange søk på nettet kunne eg ikkje finne akkurat det eg var ute etter. Så då kom ideen å tegne eit forslag sjølv. Snekkerkunnskapen min er heller dårleg og Nøstemannen er ikkje glad i slike prosjekt, så då er det kjekt å ha ein handy pappa. Saman med Nøstepappaen diskuterte eg den grove skissa eg laga som gjekk ut på å heve den arva senga etter Nøstefarmora. Han kjøpte inn materialer og på eit par formiddagstimar hadde Nøstepappaen med god assistanse frå meg heva senga. Iløpet av ei helg blei den grunna og mala etter alle kunstens regler og under plasserte eg reoler med korger. Eit forheng foran korgene pynta opp.
Snuppa er kjempestolt over å ha fått «stor» seng, og eg er fornøgd med godt løyst oppgåve.
– Nøstet –
Legg att eit svar