Når livet går ein litt imot og dagane er mørke og stormfulle, då er det beste som finst, å krype inn under venskapsteppet frå Nøstet. Varme, glede og dei gode minna er samla i dette teppet.
Eg kan tenke tilbake på 17. mai-fana vi så stolte bar gjennom regn og blest, smile til fiskane i garnet frå oppmøtekortet på søndagsskulen og storskratte av det den gong så flotte diktet vi fekk på trykk i lokalavisa. Det er som om Joshua Kadison og «Jessie» kjem krypande av seg sjølv medan to papegøyer skvaaakar og ler der borte i hjørnet. Då andre sat barnevakt, sat Nøstet og eg fuglevakt …
Nøstet har laga teppet av gamle dongeribukser, applikasjon, broderi og mykje varme og kjærleik. Teppet er quilta med hjarte og sydd saman med eit raudt, varmt teppe med hjarte på.
Teppet har inspirert meg mange gongar. Då Susta var ferdig utdanna og skulle flytte ut i det ukjente, bestemte Cysta og eg oss for å lage eit liknande, om enn hakket mindre raffinert, teppe som ho kunne ta med seg på ferda. I dette la vi inn alt vi kunne av positiv energi og kraft, mellom anna den kjære, prikkete kakeboksen til farmor, Geher, ein flirande svart sau, ein overdimensjonert muffin og lommar til bamse, sjokolade og blokkfløyte.
– Snella –
Legg att eit svar