Eit tynt, lett og varmt teppe i to-tråds merinoull frå Nøstebarn er eit must for nye verdsborgarar. Denne gongen har eg strikka eit mørkegrått teppe som kan følge pjokken i fleire år. Ca. 90×130 cm måler teppet. Målet er tilfeldig – det var så stort det vart med to hesper tråd, pinne nr. 4,5 og 140 masker.
.
.
Når teppet vart så stort, måtte det nesten få ein godt synleg kant òg. Kanten er hekla av restegarn i kremkvitt og pistasjgrønt.
.
- runde (kremkvitt): fm, lm, fm, lm osv. Avslutt med kjm i første fm.
- runde (kremkvitt): fm i lm, lm, fm i lm osv. Avslutt med kjm i første fm.
- runde (pistasjgrønt): 7 st i lm, hopp over ei lm og hekl ei fm i neste lm, hopp over ei lm og hekl 7 st i neste lm. Gjenta ut omg.
– Snella –
[…] 2. det ekstra store nøstebarneteppet […]