Det var stort då eg var lita. «Alle» abonnerte på kort med matoppskrifter. Med jamne mellomrom kom det pakkar i posten med nye kort fulle av spennande oppskrifter til samlepermen. Vi hadde permar og boksar med både bakst og middagsmat sortert etter formkaker, gjærbakst, dessertar, vegetar, fisk osv., alt pynteleg nummerert og sett i rett rekkefølgje.
Eg fekk lov å eksperimentere så mykje eg ville på kjøkenet, og korta vart flittig brukte. Sjølv i desse tider der semantisk web gir meg treff på tomatsuppeoppskrifter med høgast lesarscore eller færrast kaloriar, har eg stor glede av boksane og permane mine med oppskriftskort. Kanskje finn eg fram eit par lyrefiletar etter sommarens matauk ein sein kveld og blar så gjennom boksen med middagsoppskrifter, tema fisk, for å sjå om det finst ein ny og spennande måte eg kan lage til middagen på.
Her om dagen var eg verkeleg inspirert og begynte å bla i permen
«Hjemmebakt» frå Scandinavian Press. Nokre kaker frå denne permen har gått inn i standardrepertoaret mitt, men no ville eg prøve ei av småkakeoppskriftene. Valet fall på «Havrekaker med rosiner». Fordi eg hadde ein pakke tørka tranebær som med fordel kunne brukast snart, byta eg ut rosinene med tranebær. Knallsuksess!
Det er vanskeleg å lese oppskifta på biletet, så eg gjengir ho her:
Havrekaker med rosin (eller snellevarianten med tranebær)
250 g smør/margarin
3 dl sukker
1 egg
2,5 dl havregryn
2 dl rosin/tranebær
rive skal av ei halv appelsin
5 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
Rør smør og sukker kvitt, rør inn egget og ha i resten. Set deiga i klattar på bakeplata (eg klemte dei ganske flate). Steik i 8 minutt på 200 grader. Kakene kan godt frysast, men dei held også lenge i ein tett boks.
–Snella–
Hei Jeg leter etter en Brownie oppskrift fra samme serie som du viser til her.
Har du disse ennå? Den var med hasselnøtter 🙂
Hei! Ja, her er ei oppskrift på brownies med hasselnøtter. Eg kan gjerne ta bilde og sende til deg om du gir med kontaktinformasjon. 😊
Takk! Mail? Idamersk at iCloud . Com 😊
Sendt! Håpar e-posten kom fram til deg.