Over ein herleg bacalaomiddag i januar kom svigermor med tre nøste Idena bomullsgarn i ein pose. «Du er jo så flink til å få brukt slikt.» Det er jo ei utfording ein må ta. Og raskt. Bomull er ikkje det eg bruker mest, så eg leita ei stund etter inspirasjon. Til slutt fann eg ut at eg hadde bruk for eit helseteppe til Lillefiks. Medan eg først var i sving, laga eg eit lite sett med converse-sko og ranglefant, eller elefantrangle om du vil.
Til teppet la eg opp 70 luftmasker med heklenål 3 og hekla slik:
- omg: 1 fastmaske, 1 halvstav osv.
- omg: fastmaske i halvstaven og halvstav i fastmaska under
Resultatet blir ganske fint:
Tre nøste var for lite, så eg måtte ein tur for å kjøpe meir garn. Enda med ein frisk turkisfarge og hekla på ein kant på same måte.
Matchande converse-sko må ein liten skjønning ha. Mønsteret stod i Familien nr. 1/2012. Eg vurderer òg å strikke denne tøffe trøya til etter kvart.
«Ranglefanten» er laga etter inspirasjon frå dette mønsteret, men tilpassa tjukkare garn og nål. Eit plastegg frå eit Kinderegg fylt med ris ligg inni og lagar passe ranglelyd.
Eg har også laga eit anna, større helseteppe i alpakka og silke.
–Snella–
[…] Bakstykket er hekla i Mor Åse etter same mønster som det hekla helseteppet. […]
Hvor mange nøster brukte du totalt på selve helseteppe?
Den er kjempe fin 🙂
Tusen takk! Teppet er tett og fint og passar godt i vogga og barnevogna. Skal du sveipe teppet rundt ein baby, ville eg ha laga det litt større. Eg trur eg brukte ca. tre nøste kvitt og ca. 3/4 av det turkise nøstet. Kva type garn det var, forsvann dessverre i ammetåka. 😏
[…] 6. det hekla helseteppet i bomull […]
[…] banne litt over heklenåla. Både garn og farge er det same som havskumteppet kusina fekk. Det hekla helseteppet eg laga til Fikslein i fjor, har vore heilt supert, og skulle eg begynt igjen, hadde eg nok gjort det på same måte denne […]
[…] til denne ugla stod i Familien nr. 21/2012, og for å få snøugle, brukte eg kvit Alaska (nok ei utfordring/restegarnsgåve frå svigermor) og ymse restar. Ugla er fylt med ris og kan derfor brukast som bokstøtte, dørstoppar, bladvekt […]
[…] blei eg inspirert til å begynne på noko i bomull. Snella laga for ei lita stund sidan eit flott helseteppe, og det var utgangspunktet for mitt prosjekt. Eg heklar (og strikkar) ein del fastare enn Snella, […]