… for dagen er du,
og lyset er du,
sola er du,
og våren er du,
og heile det vakre, vakre,
ventande livet er du!
Karin Boye
Å vere heime med ein flunkande ny verdsborgar er stort og skummelt, skjønt og skremmande, sterkt, surrealistisk og supert på éin gong. Eg smeltar av eit smil, tårene siler når eg blir rørt, og livet kjennest litt større.
Og så så mykje fint ein kan strikke og sy til slike småtroll! Eg er så imponert over alt det flotte folk viser fram på bloggane sine. For tida leitar eg etter dåpsinspirasjon, og det er visst ikkje grenser for kreativitet. Takk til alle som delar! Eg lovar å legge ut bilete og eventuelle lure tips og idear når den tid kjem. Status så langt er at dåpskjolen – eit samarbeidsprosjekt mellom Nøstet og meg – er nesten ferdig. Det kjem sjølvsagt eit eige innlegg om den.
Invitasjonane er også sendt. Temaet for dåpen er «tru, håp og kjærleik», og til det synest eg det passar med enkle og reine invitasjonar.
–Snella–
[…] Eg laga anker av kvistar, surra med ståltråd med lyseblå perler på, måla trefarga hjarte frå Panduro mørkeblå og limte sølvfarga konfettikors på. Konfettikorsa er dei same som eg brukte på dåpsinvitasjonane. […]