Eg fortset å produsere gåver til babyar som er venta blant familie og vener. Sidan sommaren nærmar seg blei eg inspirert til å begynne på noko i bomull. Snella laga for ei lita stund sidan eit flott helseteppe, og det var utgangspunktet for mitt prosjekt. Eg heklar (og strikkar) ein del fastare enn Snella, så eg starta med litt fleire masker. Hekla ei stund før eg såg at resten av dei kvite nøsta mine såg meir gule ut. Då måtte planen reviderast. Eg fann fort ut at ved å vri den kvite ruta eg hadde hekla ville det bli riktig fasong på teppet om eg laga ein kant rundt. Valget falt på oldemorsruter. Eg fann to blåfargar og sette igang. Etterkvart såg det mørkt ut med å greie alle oldemorsrutene ôg, så nok ein gong blei planen endra. Men å kombinere fargane på fleire måtar i rutene greide eg med eit naudskrik å få nok ruter. Av den mørkaste blå var det ca ein meter garn igjen.
Teppet blei avslutta med ein picotkant. Å trylle restegarn om til eit så flott teppe har gjort meg enda meir ivrig i å dukke ned i garnlageret og planlegge nye prosjekt!
– Nøstet –
[…] med havmønster og strikka blondekant, dei flotte vognteppa (strikka og hekla i oldemorsruter), babyteppet i bomull, og bamseteppa med korsting. Og fleire teppe blir det […]