Lagerspråk. Katalogspråk. Depotspråk. Rubrikkspråk.
Kva vi enn vel å kalle det, spesielt godt er det ikkje. I lister kanskje, sjølv om eg også synest det er litt komisk når Forsvaret gjer opp lagerstatus og skriv «bukse under lang vinter».
Det er godt mogeleg at butikksjefen på ICA har ei fortid frå Forsvaret, men eg veit ikkje om eg skal le eller gråte av denne plakaten.
Om dette er trenden, går vi ei tid fram strålande i møte! *sukk*
(Men Nerdesnella noterer med fryd at forkortingane er rette!)
–Snella–
Legg att eit svar