I fjor haust hadde eg meg ein tur på garnsalg. Då hadde butikkane satt ned prisen på bomullsgarnet fra DROPS, og eg nytta høvet til å handle blant anna Safran. I eit nytt Sandneshefte fann eg oppskrift på denne hekla kjolen. Den har vore i eit hefte før ôg, og då hekla eg den i 70-talsfargar. Kvit, raud, og oransje blei kjempeflott. No er det Snuppa som er sjef for fargane når det skal bli til ho, og då er det lilla og rosa som blir godkjent. I oppskriftheftet er det berre brukt lillafargar og kvit, men så mange lillafargar fans ikkje i lageret mitt. Syns likevel eg tilslutt kom fram til ein grei kombinasjon. Og Snuppa er storfornøgd og klar til sommaren.
Så på tampen før eg blei tante igjen fann eg igjen oppskrifta på denne nydelige kjolen. Den er òg frå eit Sandneshefte, der er den strikka i ull eller blandingsgarn. Men sidan eg var i bomullmodus fortsatte eg i samme lilla som den forrige kjolen. Vel, det blei jo ein nevø, så kjolen er lagt i gåvekassa i påvente av at nokon får jente.
I oppskriftshefte har kjolen eit silkeband rundt magen, men eg fann ikkje rette fargen på band i butikken. Så foreløbig er den uten band. Muleg eg heklar ei snor etterkvart.
– Nøstet –
Legg att eit svar