Ei lita prinsesse eg kjenner, merkar ikkje alltid at ho er kald. For når sola skin, er det jo per definisjon varmt, ikkje sant? Men eit sjal kan ho gå med på å bruke, for det brukar jo alle fine damer.
Prinsessa er glad i lilla, og eit djupdykk i restegarnkassa resulterte i tre påbegynte nøste (Falk og Smart) – to lillafargar og ein spraglete, så det fekk bli striper. Mønsteret er frå Pickles og heiter Islandsk soloppgangssjal. For å få sjalet så vidt som eg ville, auka eg litt ekstra på dei siste omgangane. Det vart ikkje nok restegarn til å lage frynser, så eg hekla ein kant av luftmasker og fastmasker.
På pinne nr. 6 går det raskt, mønsteret er artig å strikke, og det blir veldig fint:
–Snella–
[…] er meg i eit nøtteskal! Og Pickles er topp! Vi har brukt fleire av mønstra deira, mellom anna islandsk soloppgangssjal, tøysetopp og […]