Er du Tilda-fan? Det er eg! Eg har samla dei fleste bøkene og heftene som er gitt ut, og blar i dei regelmessig berre for å kose meg med dei flotte bildene. I ei av dei siste bøkene kom sjiraffen og elefanten med skjørt eller bukse. Eg var solgt frå første møte! Den kom fort på prosjektlista mi. Problemet er berre at den er lengre enn nokon anna liste, så det har tatt ei tid før den realisert. Sidan Snella er over snittet glad i sjiraffar, var det berre rett og rimeleg at Fikslein måtte få ein sånn til dåpen. Så kan jo Snella låne den litt innimellom óg.
Denne blir det laga fleire av i ulike variantar, det er heilt sikkert! Nesten like sjarmerande som mottakaren…..
– Nøstet –
[…] Skjønnas døypt. Litt på etterskudd fekk eg sendt avgårde dåpsgåva. Storebror Fikslein fekk ein sjiraff til sin dåp, og då tenkte eg det passa godt med ein elefant til […]
[…] sidan eg laga denne skjønne sjiraffen i dåpsgåve til Fikslein har Strikkeveninna snakka om at ein sånn skulle ho hatt på syrommet […]
[…] Cysta og eg er uhyre glade i sjiraffar, og etter at Fikslein fekk ein flott tildasjiraff til dåpen, bestilte eg sykurs hos Nøstet så Cysta kunne få ein sjiraff à la Tilda til […]
så søt!!! jaaa liker Tilda men har ikke sydd noe der fra ennå… men herregud kor søte de er da!!!
Då anbefaler eg deg å prøve å sy Tildafigurer altså. Det er gode instruksjoner og slett ikkje vanskelig :). Dei blir kjempeflotte og kan varierast i det uendelege! Helsing Nøstet.