Ein artig observasjon i Sommaroslo: Med barnevogn med staseleg vognteppe, søt sommarkjole og hatt blir ein brått ei slik som pene, velkledde damer og distingverte herrar spør om vegen.
Det nydelege, kvite vognteppet hekla mormor til meg då eg var baby. Ho fôra det så det vart godt og varmt. Seinare måtte ho skøyte på det på begge sider så det vart stort nok til tvillingvogn. Dei nye radene er ikkje fôra, og teppet kan derfor fint brukast til vanleg vogn.
Finn blispurtomvegenstilen med denne skjønne raude sommarkjolen frå Mette Møller, klokkehatt frå Seeberger (sjå tips) ballerinasko frå Riccardo Cartillone (sjå tips) – og når ein først drøymer, kan ein jo like gjerne ha ei siklelekker Mulberry-veske.
Berlintips: Seeberger-hattar får du kjøpt mange stadar. Er du på Ku’damm finn du dei mellom anna på KaDeWe og Peek & Cloppenburg. KaDeWe har størst utval, men det kan løne seg å sjekke om dei har hatten din på Peek & Cloppenburg, som ligg rett ved sidan av. Hattane er billigare der.
Berlintips: Riccardo Cartillone har mange filialar i Berlin. Eg går alltid på utsalet på Savignyplatz. Der har eg funne både brudesko, støvlettar og verdas beste pensko til ein brøkdel av prisen.
.
Nøstet hadde eit fargerikt vognteppe etter same mønster. Altså hadde nok mønsteret stått i eit blad sånn midt i 70-åra ein gong. Og ganske riktig: Då Nøstet grov i tølene til mora, fann ho jammen eit utklipp med mønsteret til teppet:
– Snella –
[…] 8. det fine gamle hekla vognteppet med roser […]
[…] eit bryllaup heilt vest i havgapet. Litt har eg blogga før, bryllaupscapen og brudebuketten, og brudeskoa er omtalte her. Men no som det er jonsokkveld igjen, fekk eg lyst å vise nokre bilete frå festen, som eg håpar […]
Kjempestilig teppe! Hadde eit liknande teppe i oransje og grønt til dukkene mine då eg var lita jente, hadde vore spanade å prøvd å laga eit. Har de lagt ut mønsteret her på bloggen nokon plass, eller er det kun biletet av teppet?
Hei!
Ja, det er eit kult teppe. Vi kan dessverre ikkje legge ut mønsteret sidan vi ikkje eig rettane til det, men eg kan med glede sende det til deg på e-post. Om du ikkje vil oppgi adresse på bloggen, kan du skrive til snellaognostet@gmail.com.
Snella