Endeleg framme i Berlin med beina på balkongkanten og Rotkäppchen – boblene frå flaska med den raude hetta – i glaset. Ein herleg tradisjon!
Musserande vin laga i Tyskland, heiter «sekt». Av tyske vener har vi lært at første kvelden ein har gjester, serverer ein eit glas sekt til velkomst – «zum Grüssen». Og det MÅ vere sekt av typen Rotkäppchen.
Rotkäppchen har lange tradisjonar og er både eit kultfenomen og ein daglegsekt. I DDR-tida var Rotkäppchen marknadsleiar og den einaste sektprodusenten i landet. Det er også eit av få austtyske selskap som gjorde det bra etter gjenforeininga. Rotkäppchen klarte å etablere seg på den fellestyske marknaden og har kjøpt opp ei rekke andre sektprodusentar slik at det i dag er blitt den største produsenten i Tyskland og den nest største i verda (etter Frexinet). Det kjem stadig nye variantar og smakar. Også dei alkoholfrie variantane er gode!
Heilt i starten, frå etableringa i 1856, heitte sekten «Monopol», men dette namnet mista dei retten til å bruke. Den raude foliekapselen dei alltid hadde brukt, ga namn til det nye merket, Rotkäppchen (Raudhette), i 1895.
Tips: Er du på biltur i området, er det veldig hyggeleg å besøke produsenten i Freyburg og få ei omvisning og smaksprøvar. Produksjonslokala er staselege, og suvenirbutikken søt. Eg har sjølvsagt glas både heime og i Berlin, nøkkelringar eg brukar som smågåver til nyfrelste rotkäppchenvener, og gamle reklameplakatar i nyopptrykk.
Denne elegante dama med raud hatt smiler til oss frå veggen i Berlin:
[…] sitteunderlag, og elles i veska var det blant anna ein flott krus, deilig te, duftlys, sjokolade, Rotkäppchen og ei sammenleggbar […]
[…] det – både tradisjonelt og utradisjonelt på same tid. På menyen stod først eit glas Rotkäppchen. Første forrett var hjortebollar med eit bittelite glas lokalt øl, og andre forrett var tannfisk. […]
[…] til Berlin – heilt utan skjønne små masekoppar. Helga vart akkurat som den skulle, med Rotkäppchen på balkongen, megastore isar, middagar på yndlingsrestaurantane, sykkelturar og strikking langs […]
Så artig! Kjempefin artikkel!
Tusen takk!