Über allen Gipfeln
ist Ruh
in allen Wipfeln
spührest Du
kaum einen Hauch
die Vögelein schweigen im Walde
warte nur balde
ruhest Du auch
Goethes uendeleg vakre dikt Ein Gleiches (Wanderers Nachtlied II) kan brukast til meditasjon. Sjølv ikkje tysk grunnfag med gjennomanalysering klarte å knekke gleda mi ved dette diktet.
Det finst mange omsetjingar til norsk, men aller vakrast er gjendiktinga til den eineståande Hartvig Kiran:
Over alle tindar
er ro
Og alle vindar høyrest no
knapt som eit sòg
Småfuglen blundar så varleg
Vente no! Snarleg
kviler du òg
Eg har planlagt å måle Ein Gleiches på kjøkenveggen i Berlin – med illustrasjonar. Eg begynte med illustrasjonane. Så langt har eg komme til tindane det ligg ro over:
Og den tagnande/blundande småfuglen:
Det kan hende prosjektet ikkje blir fullført på lang tid, for jammen har det ikkje snike seg inn ei preposisjonsrekke på kjøkenveggen:
–Snella–
Legg att eit svar