Det er lenge sidan eg kjøpte mønster til body. Eg har fulgt bloggen til Heilt spesiell lenge, og når ho la ut mønster for sal sikra eg meg eit ganske fort. Stoffhyllene på syrommet bugnar av stoff og det var berre å sette igong. Først ut var det elefantbody til nevøen. Skikkelig spennande å sjå om eg fekk det til, både lesing av mønster, riktig bruk av symaskin og overlockmaskin. Ein liten skjønnhetsfeil måtte det sjølvsagt bli midt framme på halskanten, og etter prøving viste det seg at eg hadde strekt stoffet litt mykje når eg sydde på ribb i halsen og rundt beina. Men alt i alt blei eg veldig fornøgd og lærte samtidig mykje både om symaskinene og korleis jerseystoff oppfører seg.
Neste body ut var sjiraffbody til Fikslein. Denne gjekk mykje raskere å sy og blei óg mykje penare sydd. Trykknapper er sydd på for hand sidan eg har masse av dei og ingen av desse fine knappepressene og knappane eg ser mange andre har. Det får vi sjå på etterkvart om det blir investert i når det store trykknapplageret går tomt.
Til denne bodyen sydde eg bukse i velour til. Mønsteret er fra Ottobre. Kjekk bukse som er kjapp å sy.
– Nøstet –
[…] som er brukt er det samme sjiraffstoffet som eg brukte til body ifjor, og enda har eg litt igjen til seinare prosjekt. Denne gongen kanta eg med grøn ribb og eg […]