Når eg først var kommen igong på syrommet og hadde fått til bodyar og bukse, var det mykje lettare å sette seg ned og sy vidare. Sommarkjolar til Snuppa stod på lista over kle eg ønskte å sy. Den første kjolen blei til ved at eg tegna laust rundt ein kjole som ho allereie likte. Ikkje så lett å sy rundt ein kjole med strikk i halsen, så litt frihandsklipping blei det for å justere.
Neste kjole fann eg i «Symagasinet», eit blad eg lånte på biblioteket. Der var kjolen sydd i bomullsstoff, mens eg valgte å sy den i jersey. Fungerte heilt fint med denne omslagskjolen.
Kjolane har vore mykje brukt gjennom heile sommaren. Veldig kjekt med kjolar som er unike!
– Nøstet –
Legg att eit svar