Schultüte eller Zuckertüte (direkte omsett: skulepose) er eit stort kremmarhus (kjegle) fylt med leikar, skulesaker og kanskje litt snop som nybakte elevar i Tyskland og Austerrike får første skuledag. Kremmarhuset skal gjere den spennande og kanskje litt skumle første skuledagen litt lettare. Tradisjonen begynte i Thüringen tidleg på 1800-talet og spreidde seg raskt.
Dette er ein koseleg tradisjon, synest eg, så alle førsteklassingar eg kjenner får schultüte. Mange lagar sjølve, og det finst handarbeidsbøker og eigne kurs. Så langt må eg innrømme at eg har kjøpt dei ferdig, men det er lett å bli inspirert av alle dei flotte, heimelaga schültütene rundtom på tyske bloggar, gjerne med matchande kjole som her:
Det finst mange gjer-det-sjølv-sider på nettet, mellom anna denne.
I år kjenner eg tre yndige små som skal begynne på skulen – og ei litt større som skal begynne på lærarskulen. Ho får sjølvsagt den vesle vampyren og litt vaksnare innhald: miniflaske Rotkäppchen, handkrem og smykke i tillegg til pennar og viskelær osv.
Årets schultüter frå snelleheimen:
Og med det ønskjer eg alle nye elevar – uansett nivå – lukke til!
Oppdatering mai 2014: Og no vil visst norske bokhandlarar innføre tradisjonen til Noreg. Skoletut, kallar dei det.
– Snella –
[…] Tysk tradisjon tru er kremmarhusa klare og overlevert dei fire skjønne små store jentene eg kjenner, som har første skuledagen sin i dag. […]