Tidlegare i sommar kom eg over dette innlegget på Monstermønster sin blogg. At eg ikkje har tenkt samme tanken sjølv! Snuppa avsluttar karriera si på småbarnsavdelinga denne sommaren og blir stor jente på ny avdeling. Vi har hatt unger på samme småbarnsavdeling i totalt 5 år, og damene som jobbar der må vere verdas flottaste damer! Å gje ei gåve til dei har eg tenkt på lenge, og eg kan ikkje skjønne kvifor eg ikkje har tenkt på å strikke noko til dei før no. Vel, som sagt blei eg veldig inspirert av Monstermønster, så det var berre å sette igang. 4 par votter måtte vere klar til siste barnehagedag på småbarnsavdeling. Alpakka-kassa er velfylt så garn var ingen problem.
Fakta
Garn: Dei beige og raude er strikka i Mirasol og Sandnes Alpakka, mens dei andre er dobbel tråd med Drops Alpakka.
Mønster: Annepålandet sine ribbevotter
Endringer: Eg har, som monstermønster, kutta nederste delen av mønsteret slik at dei er ribbestrikka heile vegen. Antall masker og lengde på vottane blei tilpassa mens eg strikka.
Fargane er plukka ut til kvar av damene, etter kva farger eg ser dei bruker mest av. Vottane blei overlevert av Snuppa med personlege helsingar. Det blei ei tårevåt avskjed både for den eine og den andre. Men heldigvis ser vi dei framleis kvar dag på uteområdet til barnehagen.
– Nøstet –
så flotte de ble! Super gave, siden ribbevottene passer uansett hånd. Tusen takk for gode ord på bloggen, det varmer 🙂
Igjen, takk for mykje inspirasjon både til prosjekt og blogging! Og takk for besøket!