Treng du ei enkel og god oppskrift på alkoholfri velkomsttdrink i dåp eller andre lag?
Vi blanda Funlight jordbær- og rabarbrasaft med Farris og hadde oppi frosne bær istadenfor isbitar.
Etter ei stund tar bæra til å tine, og det dannar seg «silkeband» i drinken.
Ei av dei yndige gjesteprinsessene i dåpen døypte drinken prompte for «prinsessebrus» og gulpa likegodt ned fire glas på styrten.
Konklusjon: Fem av fem prinsesser tilrår «prinsessebrus». Friskt, raskt, lettvint, stilig og godt.
Eit anna alternativ er alkoholfri mimosa.
– Snella –
[…] enklare er det å lage prinsessebrus eller alkoholfri mimosa. Er det vinter og kaldt, er det topp med kvit […]
[…] Prinsessebrus Kvit […]
[…] Du finn andre oppskrifter på kvit gløgg her, og to gode kalde alkoholfrie velkomstdrinkar her (prinsessebrus) og her […]
[…] kan du lese innlegg om dåpsfesten, den løkfrie festbuffeen, den alkoholfrie velkomstdrinken og ein annan alkoholfri […]
[…] Vi serverte ein alkoholfri velkomstdrink, som du finn oppskrift på i dette innlegget. […]
[…] Vi serverer alltid mimosa på 17. mai-frikostane våre, og i år vart velkomstdrinken alkoholfri. Fyll ganske enkelt ein karaffel 40 % med appelsinjus og 60 % med sekt/sjampanje/cava/crémant / musserande vin av det slaget du måtte ønske, med eller utan alkohol. Det fungerer alltid. Eit anna alternativ til alkoholfri velkomstdrink er den vi serverte i dåpen i fjor. […]
Hei! Takk for tips. Dette måtte jeg prøve ut, har dåp om tre dager 🙂 Men nå er jeg litt skuffet. Min drink ser ikke lik ut som din i det hele tatt… har brukt akkurat det samme innholdet, men den er ikke blitt hvit og fin, som din, og jeg kan heller ikke se noen «silkebånd». Tok det lang tid?
Hei. Sidan Snella laga innlegget har Stabburet sabotert litt av idèen ved å endre fargen på Funlight jordbær/rabarbra. Tidligare var den lys, lys rosa, nesten kvit når den var utblanda, mens no er den mykje sterkare rosa. Smaken er derimot lik. «Silkebanda» kjem idet bæra tiner og dermed slepp litt farge. Usikker om effekten vil bli like sterk når safta har mørkare farge. Mulig vi må starte ein «No more fun»- aksjon her ;).
Lykke til med dåp i helga, håper du finn ei løysing som fungerer.
Helsing Nøstet (som svarar fordi Snella er utan nett nokre dagar).