Når ein gifter seg ytst i havgapet, er det godt med ein lun cape over skuldrane i solgangsbrisen.
Eg tok utgangspunkt i denne capen/ponchoen frå Garnstudio, som eg synest sit så fint over skuldrane. Eg likte dessutan den høge halsen og at capen er strikka på tvers. (Blomsten som er festa til capen, kan du lese om i bryllaupsinnlegget.)
I staden for Fabel og Vivaldi brukte eg Alpakka og KidSilk i kremkvitt. Eg strikka str. S og la opp 70 masker slik at capen stoppar der armopningane tar til i originaloppskrifta.
Det er ei kjent sak at eg elskar sjiraffar, så den nest øvste knappen er sjølvsagt ein sjiraffknapp frå Snella og Petronella.
Brudebuketten med orkidear og callaliljer er omtalt her,og sjølve bryllaupsfesten her.
No nyt capen pensjonisttilveret på kontoret mitt, der den varmar skuldrane og nakken min på kalde dagar og minner meg om ein av dei finaste dagane i livet.
–Snella–
[…] av årets lysaste dagar stod det seg eit bryllaup heilt vest i havgapet. Litt har eg blogga før, bryllaupscapen og brudebuketten, og brudeskoa er omtalte her. Men no som det er jonsokkveld igjen, fekk eg lyst å […]
[…] trekte eg òg eit påbegynt nøste i lys beige PT 5-garn og resten av den kvite KidSilken frå bryllaupscapen. Strikkepinne 3,5 passa til garna, og sidan både pinnar og garn blei tjukkare enn i oppskrifta, […]