Plutseleg var hausten her! Ein kjapp gjennomgang av haustgarderoben til dei små avdekka ein heil del mangler. Mykje veit eg om og har på lista. Noko er påbegynt og andre ting får vente til det blir enda litt kaldare. Men ei pen hue til Snuppa er eit kjapt prosjekt. På bloggen Touch of Vanilla fann eg ei nydeleg hue som passa perfekt. Snuppa plukka ut eit nøste gammalrosa frå alpakkakassen og eg satte igong. På to kvelder var hua ferdig.
Snuppa er 3,5 men har eit ganske lite hovud. Hua blei litt lang når eg fulgte oppskrifta, men kan fint brukast. Neste hue vil eg nok forkorte med eit par cm. Hua er strikka i DROPS Alpakka, og det gjekk med akkurat eit nøste.
– Nøstet –
[…] Eg har strikka mange dei siste åra. Florisse Hat, Line-hua, fleire i Lue-alongen til uformelt og ei nydelig med blomst som eg faktisk held på å strikke fleire av akkurat no. Huer er supre gåver, og i motsetning til […]
[…] opp halve nøster på! Og til 4-åringar greier ein å få ei hue ut av eit enkelt nøste òg, den forrige hua eg strikka til Snuppa gjekk det akkurat 50 gram på. Passer bra for mitt garnlager som består av […]
[…] Til hjarteknusarane er det framleis tid til å strikke ei nydelig hue. […]
Det er sikkert lurt og laga ein oppbrett og setja blomsten på den.
Det kan sikkert fungere. Eg er redd hua allereie er tatt vel i bruk som litt «baggy», men eit godt tips til neste gong eg bommer på størrelsen. Som skjer relativt ofte…