Herlege september og omsider federweißertid i Tyskland. Når den nye vinen kjem, er det gnistrande haust – den beste tida på året!
Det er ingen tvil om at vinen er eit kjært barn, for den har minst ti ulike namn. Federweißer (direkte omsett: fjørkvit) er kanskje det som er mest brukt, og det namnet viser til den litt grumsete fargen vinen får fordi gjæringsprosessen er stoppa og vinen ikkje er filtrert.
Gjæringa held fram etter at vinen er tappa på flasker, og derfor er korken ikkje tett. Det er greitt å hugse på, for det kan fort blir veldig pinleg om ein til dømes har kjøpt ei flaske i Cochem i Moseldalen og legg flaska i hattehylla på toget til Trier – reint hypotetisk, altså *host*.
Til den friske og priklande federweißeren smakar det himmelsk med eit stort stykke zwiebelkuchen, som er ein slags pai med gjærdeig og løk- og baconfyll.
Eg brukar oppskrifta frå Brigitte og har tilpassa den litt slik:
Deig:
500 g mjøl
3 dl mjølk
½ pakke tørrgjær
60 g smør
litt salt
Lag deig og la heve.
Fyll:
1,2 kg raudløk
200 g bacon eller flesk
1 beger sæterrømme eller crème fraîche
4 egg
salt
muskat
karve (om du likar det …)
nykverna pepar
Skjer løk i ringar eller bitar og baconet i terningar. Fres baconet, ha i løk og steik til løken blir blank. La koldne litt.
Rør saman egg, rømme og krydder og ha i bacon- og løkblandinga. Klapp ut deiga i ei stor paiform (eller på bakepapir) og spre fyllet i paiskalet. Steik i 25 minutt på 200 grader.
Beina på balkongkanten, låg haustsol og komplett lukke på ein av desse dagane som kom og gjekk, og som er sjølve livet.
– Snella –
Legg att eit svar