Hausten kom brått og brutalt på vestlandet, med mykje regn og vind. Dagane blir fort mørkare og behovet for refleks melder seg. Klumpen etterlyste hua som eg i lengre tid har lova å strikke til han. Så då det dukka opp ei fargerik hue i Familiens Strikkebok som kom ut i august, var det berre å dukke ned i garnlageret. Blant Smart og Falk fann eg fargar omtrent som på bildet i strikkeboka. Når hua var ferdig var Nøsteguten kjapt ute med ønske om samme hue. Sidan det berre er restegarn var det ikkje nok til like fargar, men med litt fleire striper og alternativ fargesammensetning så kom vi i mål.
I den grå kanten, strikka eg inn refleksgarn i anna kvar omgang.
Refleksgarn får ein kjøpt på dei fleste strikkebutikkar og det finnes i ulike tjukkelser.
Mange likar best å brodere på refleksgarnet etter produktet er ferdig strikka sidan det ikkje er fleksibelt og kan opplevast som stikkande for den som har det mot huda. Mange opplev òg at det kan legge seg mest på baksida av maskene og dermed ikkje får optimal refleksfunksjon.
Eg valde å strikke det inn i rillene, desse står litt ut frå resten av hua som er i glattstrikk og vil dermed ikkje klø like mykje. Klumpen har iallefall ikkje klaga etter ei vekes bruk.
– Nøstet –
[…] tilbake til hua. Juleraud Rubin fantes i garnlageret og ved hjelp av ei tidligare strikka hue fann eg ut av 100 masker var passeleg. Strikka vrangbord på pinne 3,5 og gjekk over til […]
Det var kjempesmart. Har sett det på andre blogger tidligere, men ikke prøvd det selv. Men jeg er jo bestemor til tre, så…..
Refleks er viktig for alle generasjoner, men vi over skulealder husker kanskje å ta på oss refleks på andre måtar. Men med refleks i hua har ein iallefall litt refleks om mørket kjem brått på ein. Super julegåve til alle dei små. Eg har planer om fleire!
Nøstet